Fot-tur i fjellområdet mellom Utvikfjellet og Sandane. Vi går toppane Fløtravarden-Snøfjellet/Grønskreda-Dunheia-Blånibba. Så ned mot Bjørndalen-Holvikstøylen-Holvikfossen,før endepunktet ved P-plass Trivselskogen. Undervegs har ein storslått utsikt til Nordfjorden,Breimsvatnet og bla.Skjorta.
Turen går ein veg og er ca. 22,4km, 1177 høgdemeter.
Den er gradert som "krevende" etter DNT sin gradering.
Turleiarar er Synnøve Førde og Trude Eimhjellen
Turen passar for deg som er vandt å gå langt i fjellet. Påmelding via heimesida til Midtre Nordfjord Turlag.Finn turen under fana "turar og aktivitetar"og meld på.