Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Sep 2025

Natt i naturen, fellescamp

Natt i naturen 1
Icon Tid
Icon Arrangør
Hornindal frivilligsentral
Icon Kontaktperson
Bli med på den nasjonale markeringa av Natt i naturen 6. sept! Hornindal frivilligsentral og Fjellreven 4H inviterer til fellescamp i Groparken frå kl. 18. Ope og gratis for alle! Stig Ulv løftar stemninga med gitarspel ved bålet kl. 20. Om du ikkje ønskjer å overnatte kan du likevel kome å høyre fin musikk og ete kveldsmaten saman med oss. Ta med telt og sovepose eller sov under open himmel. Hugs kveldsmat (kan evt tilberedast på bål) og frokost, og kle deg etter været! Velkommen til ei natt i naturen!

Arrangementet passar for alle som ønskjer å tilbringe natta ute, anten i telt eller under open himmel. Groparken er lett tilgjengeleg, også for rullestolbrukarar.

Oppmøte og rigging av camp frå kl. 18 laurdag 6. sept.

Vi planlegg å fyre i bålpannene om været tillet det. Då kan du tilberede kveldsmaten din på bål. Vi har toastjarn og steikepanne tilgjengeleg.

Tilgang på toalett, men ikkje dusj. Evt kan ein ta eit morgonbad i Hornindalsvatnet.

Manglar du telt, sovepose, hengekøye e.l? Ta turen innom BUA Hornindal som ligg i Grobygget!

Icon Oppmøtested
Gode parkeringsmuligheter ved Grobygget.