Natt i Naturen opnar Friluftslivets veke 2025 og skal arrangerast over heile landet. Med speidarane frå Tofterøy KFUK KFUM i spissen vert alle speidarar, barnefamiler og andre interesserte i kommunen inviterte til å overnatta i det tilrettelagte friluftsområdet Smivågen på Tyssøyna.
I Smivågen er det strand, svaberg og skog. Du kan setta opp telt, henga opp hengekøye, eller slå ut liggeunderalget under open himmel. Her finnast også toalett.
Vi fyrer leirbål kl.1900, men du må gjerne koma før.
Vi håpar å sjå deg der!
Hugs også at du kan låna utstyr på BUA på Ågotnes.
Hugs å ta med deg:
Tilkomst:
Det er eiga parkering for friluftsområdet rett etter bruen mellom Bjorøy og Tyssøy. For å komme til Smivågen følger du bilvegen til du kjem til eit skilta kryss som peiker "til friområdet". Det tar 15 - 20 min å gå. Du kan også gå på sti heile vegen fram. Stien i aust tar ca. 30 min å gå, stien i vest er lengre. Stiene er merka, men ikkje skilta. Du kan lesa meir om turforslag på UT.no.