NATTSKITUREN 2026
Nattskituren går frå Flatbrehytta i Fjærland til Gjerde i Jostedalen 29.05 - 30.05. 2026.
Turen startar ved Flatbrehytta fredag ettermiddag kl. 17.00. Alle tar seg opp til Flatbrehytta på eigen hand og gjerne i god tid. Flatbrehytta ligg på 1000 m.o.h.
Første etappe er opp til Supphellenipa, 1731 m.o.h., då går vi opp Flatbreen. Etter ein stopp der på ca. 30-40 min. går vi neste etappe til Grensevarden og Bings Gryte. Dette partiet er stort sett flatt, litt nedrenn til Bings Gryte. Der er vi ca. kl 24.00, mørkaste tida på natta. Neste etappe går vi mot Ramnane og soloppgangen ca. kl 02-03.00. På Ramnane tar vi ein kvil på ca. 2 timar. Etter kvilen renn vi ned under Kvitekoll før vi tar til på lett stigning opp mot Høgste Breakulen 1957 m.o.h. Her frå er det nedover til Steinmannen og så framover Hauganosi til Haugavarden på 1359 m.o.h. Herifrå må ein rekne med å måtte bære skia. Siste delen av turen er på sti ned til Gjerde. Vi reknar med å vere framme på Gjerde ca. kl. 16.00 på laurdag. Buss frå Gjerde kl. 16.30 tilbake til Fjærland.
Praktiske opplysningar:
Du bør berekne 3 timar på turen opp frå parkeringsplassen i Fjærland til Flatbrehytta. Fint å spare energien til ein lang tur.
Vi må utstyre oss som for ein vintertur, varme klede, og mat og drikke til heile turen og litt som kan gje ekstra energi som nøtter, sjokolade, rosiner m.m. Drikke min. 1 ½ liter. Vatn kan fyllast i nærleiken av Flatbrehytta. Er er vi heldig er det vatn på veg opp frå Flatbreen. Vi anbefaler at de har med lett kokeutstyr for smelting av vatn og eit varmt måltid. Alle MÅ ha med seg sovepose og liggeunderlag som ei sikring, vi brukar den og i pausen. Viktig med solbriller på siste del av turen. Vi anbefaler tursko opp til Flatbrehytta og ned til Gjerde.
Dette er ein fjellskitur. Kortfellar og gjerne langfellar på første etappe, seinare kan ein velgje å smørje skia. Tynt lag med skareklister i botnen og universal klister opp på, eller raud klister. Vert snøen tørrare kan det leggast tørrvoks utanpå. Undervegs tar vi drikkepausar, fint om alle tar justering av utstyr og kle på desse stoppa, då vil turen få ei fin framdrift for alle. Husk å ha med plaster for gnagsår (Compeed).
Dette vert kategorisert som ein svært krevjande tur – ca. 2600 høgdemeter og 45 km.
Påmelding i skjema under.
Pris for DNT-medlemar inkl. busstransport kr. 1.500 kroner.
Pris for ikkje medlemar inkl. busstransport kr 2.500 kroner.
Det vert arrangert teamsmøte for alle påmeldte deltakarar tysdag 26. mai kl. 20.00.
Turen går ikkje i dårleg vær, vêrmeldinga torsdag kveld er avgjerande for det.


#helgetur