Natur & kultur - Gullgruva i Flugedalen/Blåane
I 2025 markerer vi 200-årsjubileum for den organiserte utvandringa til Amerika. Etter kvart vart det mange som reiste, også frå vårt område, Ein av dei var Andreas Mo som reiste over i 1895. Han var ein ekte gründer og oppfinnar. Han hadde ei interessant tid i Amerika før han i 1930 kom han heimatt. Han hadde med seg mykje erfaring, mange idear og godt med pengar. Han sette spor også i lokalsamfunnet her. Ein av ideane var å starte med gullgraving.
Vil du høyre meir om denne fasinerande historia kan du bli med på tur opp til gullgruva som ligg i fjellet mellom Flugedalen og Mo. Erik Solheim vert med og vil fortelje om Andreas Mo, livet hans og forsøket på å starte gullgraving i Sunnfjord!
Vi køyrer bomvegen frå Farsundfeltet opp til Solheim og parkerer på velteplassen der. Avgang frå Solheim ca kl 17.20. Vi går på tydeleg og god sti til topps på Blåane. Deretter går vi bort til gruveinngangen og får fortalt historia! Det er omlag 300 høgdemeter stiging på denne turen. Vi går i roleg tempo.
Turen er eit samarbeid mellom Førde Historielag og Indre Sunnfjord turlag.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 17.00. Ev oppmøte ved turstart på Solheim. .
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur).
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.