For fjerde gong inviterer vi på denne populære turen til Aga og Kvestad. Hardanger kan by på det aller beste av både natur, kultur og ikkje minst sider! Bli med på ei unik oppleving på vestsida av Sørfjorden som endar opp i tunet på Kvestad, der vi får omvising i sideriet og smakar på verdas beste sider.
Oppmøtestad: Togstasjonen på Dale
Oppmøtetidspunkt: kl 0915 (tog frå Bergen 08.29. Tog frå Vaksdal kl 08.55). Felles transport i minibuss til Hardanger.

Turskildring: Vi køyrer i minbuss frå Dale til Aga i Hardanger. På Aga vert det ei lita omvising i Agatunet, eit klyngetun frå mellomalderen. Fotturen går vidare på merka sti sørover og endar opp i tunet på Kvestad. Turen er på om lag 7 km og har totalt ei stigning på om lag 300 høgdemeter.
På Kvestad blir vi møtt av Håkon som tar oss med på omvising i sideriet på garden som ligg 200 moh og kan by på eit panorama over Sørfjorden og dei majestetiske fjella rundt. Vi får eit innblikk i siderproduksjonen, og sjølvsagt vert det smaking! Til sidersmakinga vert det enkel servering av lokale matprodukt.

Mat: Alle må ha med godt med niste til turen. På Kvestad vert det lett servering attåt sidersmakinga.
Heimreise: Vi reknar med å ta ferje frå Utne kl 1830 og vil vere på Dale 20.30
Utstyr: Du treng ein dagstursekk med byteklede.
NB! Det vert høve til å handle i gardsutsalet på Kvestad.
Generelle vilkår ved påmelding: Vilkår for turdeltakelse — Den Norske Turistforening (dnt.no)
Pris: 950 kr ,- for medlemmar, 1250 kr ,- for ikkje-medlemmar. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Inkludert i prisen er transport tur/retur Hardanger, sidersmaking med enkel servering og turleiing. Full refusjon vert gitt ved avmelding inntil 10 dagar før turen (minus gebyr på 50,-). Halv refusjon ved avmelding mindre enn 10 dagar før, og ingen refusjon ved avmelding mindre enn 48 timar før turstart.
Gradering: Middels
Turleiarar: Elizabeth Gjessing og Roger Sandvik
Spørsmål? har du spørsmål kontakt Vaksdal Turlag på vaksdal.turlag@dnt.no eller på 971 41 631