Såg du dette eller gjekk du forbi? Det spørsmålet stiller foredragshaldar John Petter Nordbø som har stor kjennskap til naturen i Ryfylke. Han vil visa at dette området har så mykje meir å by på enn Preikestolen. Denne torsdagskvelden vil publikum bli presentert for eit bildeforedrag frå regnskogen til snaufjellet i Ryfylke-området. Her vil ein få spennande turtips til den meir ukjende naturen i distriktet vårt. John Petter Nordbø er frå Strand. Han jobbar for å få folk ut på tur og er ambassadør for Norsk Friluftsliv. I fleire år jobba John Petter som kommunikasjonsrådgjevar i Stavanger Turistforening, men nå bur han på Voss og er tilsett i Bergen og Hordaland turlag.
Gratis inngang.
Velkommen til Mostun og foredragsserien Natur på torsdag!