Go Norsk Friluftsliv to main content
20. Aug 2025

Naturmøteplass i Parken, "Eventyrgutten"

20201206 Mads Suhr Pettersen 8351
IconSted
Icon Tid
Kl. 12.00 - 15.00
Icon Arrangør
BUA Herøy
Vi opnar sesongens fyrste Naturmøteplass i Parken med eit kjempebra kurs. Her får du vere med Eventyrgutten, John Hobberstad, ut på eventyr for å lage gode og smakfulle rettar på bål.

Vi opnar sesongens fyrste Naturmøteplass i Parken med eit kjempebra kurs. Her får du vere med Eventyrgutten, John Hobberstad, ut på eventyr for å lage gode og smakfulle rettar på bål. Du vil lære nyttige tips og triks rundt det å tilberede mat på bål, noko som kjem godt med når du skal ut på eigenhand. Du får lære å kokkelere over opne flammar og får sjølvsagt spise maten du lagar. Sitat: Etter fleire år på tur, har eg lært ein ting og to om matlaging over bål. Dette er kunnskap eg meir en gjerne vil dere vidare. På denne turen vil du som deltakar jobbe i små grupper for å lage ein tre-retters over bålet. Målet er at du skal sitte igjen med ei betre forståing for korleis vi enkelt kan lage god mat på bål, og kva ein må tenke på når ein kokkelerar over opne flammar. På turen gir vi ordtaket "Learning by burning" ei ny betyding. -John Hobberstad Et kurs varer i ca 2,5 til 3 timer. Kan du ikkje delta på dette tidspunktet, fortvil ikkje - han skal også ha eit foredrag på Herøy folkebibliotek seinare -same dagen!! Dette arrangementet er ein del av prosjektet "friluftsliv for alle i Herøy 2025" og er sponsa av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Icon Oppmøtested
Gapahuken i Parken finn du rett attmed bobilparkeringa i Fosnavåg sentrum. Du finn den på venstre side i starten av Igesundvegen.