🎅 NISSETUR I NORDBERG – TRADISJON OG JULEMAGI! 🎄
Tradisjon tru blir det nissetur i Nordberg laurdag 20. desember!Dette er turen der både små og store garantert kjem i julestemning.Det blir nissar i skogen, song, leik, latter og bålkos – alt det som høyrer jula til.
I den vesle skogen ovanfor Dønfoss Camping er det store sjansar for å møte nissane sjølve!Ta gjerne på deg nisselue eller raudt skjerf – då er sjansen ekstra stor for at dei tør å vise seg.Det blir varm bålpanne, moglegheit for grilling, og kanskje eit lite dryss av snø om vi er heldige...
🕑 Tidspunkt: Laurdag 20. desember kl. 14.00📍 Oppmøte: På tippen i Dønfoss
Vegvising:Køyr Riksveg 15 over Dønfoss bru, ta fyrste avkjøring til høgre (Fv. 485 mot Gjøingslia),så første avkjøring til venstre mot Øyberget kraftstasjon.Sving til høgre rett før kraftstasjonen, opp til parkeringsplassen.
🎁 Påmelding:Meld deg på via DNT Gudbrandsdalen si nettside innan 18. desember.Hugs å melde på alle borna – nissen må jo vite kor mange pakkar han skal pakke!Spørsmål? Send ei melding til Anita på 997 12 677.
💫 Om turen:Turen startar frå parkeringsplassen kl. 14.00 – ingen får gå før sjefsnissen gjev klarsignal!Vi går samla, og hugs: ingen spring etter nissane – dei blir redde då!Foreldre har ansvar for eigne born.
Lengde: Om lag 1 km, men ruta kan kortast inn om det blir kaldt.Framkomeleg for barnevogn og rullestol.Om det kjem mykje snø, blir både parkeringsplass og runde brøyta.
🔥 Ta med:
- Mat og drikke om du vil
- Sitteunderlag
- Varme klede
- Kopp til bålkaffe
- Lykt til heimturen
- Og ikkje minst: GODFØLELSE og julestemning!
🎅 Arrangementet er gratis, ope for alle – og fullt av førjulsglede!Vel møtt til ein magisk dag i skogen med nissar, latter og varm glød frå bålet.