Go Norsk Friluftsliv to main content
13. Sep 2025

Nordfjordryggen Fjelløp - testløp 2025

Mer informasjon
Skjermbilde 2025 08 24 194450
IconSted
Gloppen
Icon Tid
Kl. 08.00 - 23.59
Icon Arrangør
Trivselsskogen
Icon Kontaktperson
Laurdag 13. september er det klart for eit testløp av Nordfjordryggen Fjelløp, eit løp en håper kan arrangere offisielt neste år. Vi har på førehand invitert ca. 40 deltakare som skal få prøve seg på løypa med startnummer, men ALLE er invitert til å gå heile eller deler av denne flotte turen same dag!

Nordfjordryggen er en fot-tur i fjellområdet mellom Utvikfjellet og Sandane. Turen går over toppane Fløtravarden-Snøfjellet/Grønskreda-Dunheia-Blånibba. Så ned mot Bjørndalen-Holvikstøylen-Holvikfossen og videre ned via P-plassen til Heradsplassen i Sandane sentrum.

Turen går ein veg og er ca. 20 km, 1177 høgdemeter

På ut.no kan du lese om turen over Nordfjordryggen. I tillegg vil det bli ekstra god merking denne dagen. Ein arrangerer felles busstransport frå Sandane til start på Utvikfjellet. Om du ynskjer dette kan du bestille via lenken (100 kr per pers). Testløparane trenger ikke å melde seg på buss.

Testløparane følger stien frå Utvikfjellet via Fløtrevarden, Snøfjellet, Dunheia og Blånippa, men dei stoppar ikkje der, dei skal fortsette utover via Svinestranda, Svarthammeren og Haugsvarden før ein vender ned mot Fjellbygda og avsluttar på Heradsplassen i Sandane (då har dei gjennomført ca 30 km og 1000 høgdemeter). For dei som vil gå tur anbefaler ein stien ned bra Blånibba via Holvikstøylen.

Om du som synes det er litt langt å heile til Nordfjordrygen, kan ein gå til ein av toppane og heie, og det er stas om du vil ha med flagg, sauebjøller eller berre rope når deltakerane passerer. Hugs å ta med niste, drikke og det du treng for ein dag på fjellet. Ein ynskjer og håper dette kan bli ein dag for alle som er glad i vere på fjellet!

Har du lyst å vere med som frivillig har med små og store oppgåver i forkant, under arrangement og nedrigg i etterkant! Da kan du ta kontakt med oss i løpskomitéen.

Bli med på fjellet denne dagen – alle er velkomne!

Program:

kl 8 Oppmøte Sandane rutebilstasjon for dei som har meldt seg på buss til Utvikfjellet.

kl 9-12 Start for dei som vil gå tur

kl 10 Start for testløpere

Frå ca 13.00 Målgang Heradsplassen, Sandane

Løpskomitéen Roger Djupvik, Ørjan Brunstad, Irene Svidal, Sverre Nesdal og Bie Andersen (40 88 58 76 eller post@trivselsskogen.no)

Icon Oppmøtested
Det er mulig å melde seg på kollektiv transport fra Sandane sentrum til Utvikfjellet via lenken for påmelding. Det koster 100 kr per pers.