Nordfjordryggen er en fot-tur i fjellområdet mellom Utvikfjellet og Sandane. Turen går over toppane Fløtravarden-Snøfjellet/Grønskreda-Dunheia-Blånibba. Så ned mot Bjørndalen-Holvikstøylen-Holvikfossen og videre ned via P-plassen til Heradsplassen i Sandane sentrum.
Turen går ein veg og er ca. 20 km, 1177 høgdemeter
På ut.no kan du lese om turen over Nordfjordryggen. I tillegg vil det bli ekstra god merking denne dagen. Ein arrangerer felles busstransport frå Sandane til start på Utvikfjellet. Om du ynskjer dette kan du bestille via lenken (100 kr per pers). Testløparane trenger ikke å melde seg på buss.
Testløparane følger stien frå Utvikfjellet via Fløtrevarden, Snøfjellet, Dunheia og Blånippa, men dei stoppar ikkje der, dei skal fortsette utover via Svinestranda, Svarthammeren og Haugsvarden før ein vender ned mot Fjellbygda og avsluttar på Heradsplassen i Sandane (då har dei gjennomført ca 30 km og 1000 høgdemeter). For dei som vil gå tur anbefaler ein stien ned bra Blånibba via Holvikstøylen.
Om du som synes det er litt langt å heile til Nordfjordrygen, kan ein gå til ein av toppane og heie, og det er stas om du vil ha med flagg, sauebjøller eller berre rope når deltakerane passerer. Hugs å ta med niste, drikke og det du treng for ein dag på fjellet. Ein ynskjer og håper dette kan bli ein dag for alle som er glad i vere på fjellet!
Har du lyst å vere med som frivillig har med små og store oppgåver i forkant, under arrangement og nedrigg i etterkant! Da kan du ta kontakt med oss i løpskomitéen.
Bli med på fjellet denne dagen – alle er velkomne!
Program:
kl 8 Oppmøte Sandane rutebilstasjon for dei som har meldt seg på buss til Utvikfjellet.
kl 9-12 Start for dei som vil gå tur
kl 10 Start for testløpere
Frå ca 13.00 Målgang Heradsplassen, Sandane
Løpskomitéen Roger Djupvik, Ørjan Brunstad, Irene Svidal, Sverre Nesdal og Bie Andersen (40 88 58 76 eller post@trivselsskogen.no)