Go Norsk Friluftsliv to main content
21. Jan 2026

Onsdagsgruppa på tur ved Ormhilleren

Mer informasjon
Onsdagsgruppa på tur ved Ormhilleren
IconSted
Øygarden
Icon Tid
Kl. 10.30 - 14.00
Icon Arrangør
DNT Øygarden
Icon Kontaktperson
Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
90730014
a-foldne@online.no

Oppmøte på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Frå Fjell samlar vi oss i eit mindre tal personbilar for å kjøre til parkeringa ved Ormhilleren friområde, nord i Øygarden kommune. Der startar vi å gå på ein del av grusvegen for så å gå inn på sti mot aust til Kystvaktstien. Her er det skog. Men ute av skogen kjem vi til der kunstverket -Blå Korall- er. 

Vi går ved badeplass, grillplass og videre ut mot vest. Her er mykje berg å gå på. Etter ein runde mot sjøen i vest og nordover går vi attende til grusvegen og bilane. Under vegs når tida er inne for mat finn vi ein plass for matpausen. Ta med mat og drikke.

Denne turen er i januar. Det kan bli snø og isete. Kle og sko deg etter veret. I vinterhalvåret er det greit å ha broddar med i sekken. Då er dei lett tilgjengeleg til å ta på om det vert glatt.

Turtid er satt til 3,5 timar. Det er da medrekna kjøring og matpause. Normalt ein enkel tur å gå, men med vinterføre kanskje noko tyngre om vi tek heile runden.

Velkommen med på tur!

Vilkår for deltagelse,  les her:

Vil du bli medlem? Les her:

Icon Oppmøtested