Go Norsk Friluftsliv to main content
25. juni 2025

Onsdagssnerten: Øverliberget – Kremtopp 2025

Mer informasjon
Onsdagssnerten: Øverliberget – Kremtopp 2025
IconSted
Icon Tid
Kl. 17.00 - 20.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

Dette er høgste punkt (967 moh) på åsen bak Moane-feltet i Øystre Slidre, og byr på utruleg flott utsikt.

Turen går mest på sti, litt på skogsveg. I alt 400 meter stigning, men med tida til hjelp går det greitt for dei fleste. Varden står rett under høgspentlinja frå kraftverket i Kalvedalen innafor Beito. Her er det vidt utsyn, m.a. ned mot Volbufjorden og Heggefjorden med bygdene rundt.

Bak Slidreåsen ser vi fjella i Vestre Slidre, Vang og Hemsedal. I nord er Skaget nær nabo, og ikkje minst ser vi rekkja med Jotunheimtindar bak Bitihorn. Turen opp tek ein god time, gode joggesko er greitt.

Oppmøte ved Onstadlie 13 (rett opp for bommen på stølsvegen, stor p-plass her).

Icon Oppmøtested