Go Norsk Friluftsliv to main content
08. Sep 2025

Open dag i Ørsta Sirkelhage

Skjermbilde 2025 09 05 113314
Icon Tid
Kl. 16.30 - 18.30
Icon Arrangør
Ørsta Sirkelhage
Icon Kontaktperson
I samband med friluftslivets veke er alle velkommen til open dag i Ørsta Sirkelhage måndag 8. september. I dag kan du utforske hagen på eiga hand eller bli med på guida rundtur i hagen. Saman lagar vi mat av hagens grøder på bålpanna, og det er moglegheit for sjølvplukk av bl.a. poteter og gulrot.

Dag: 08. september Klokkeslett: 16.30-18.30 Målgruppe: Folk i alle alderar. Ta kontakt ved spørsmål.
Inngang: gratis

I samband med friluftslivets veke har vi open dag i Sirkelhagen. Kva skjer:

  • Guida rundtur i hagen kl 17 ope for alle
  • Bli med å lage mat av vekster frå hagen på balpanna
  • Moglegheit for å kjøpe grønsaker frå hagen, blant anna sjølvplukk av poteter og gulrot.
  • Utforsk hagen på eiga hand – vi har hagekart og kjøkkenhagebingo
  • Høner ein kan mate
  • Moglegheit for frileik for born. Hageleiker som kubb og ball, hammar, spikar og plankar.

Påmelding: Ingen krav til påmelding, men veldig fint om du hakar av på at du kjem i arrangement i vedlagt link, så vi veit om vi må gjere ekstra tilpassingar. Arrangementet i vedlagt link heiter Årshjul i Sirkelhagen, og går fast kvar mandag. Denne mandagen blir det gratis å nytte seg av matserveringa, som vil vere eit fellesmåltid av det vi lagar saman.

Velkommen!

Stedsbreskrivelse Stad: Ørsta Sirkelhage. På marka bak Barnas Vel barnehage.

Icon Oppmøtested
Parker ved Barnas Vel barnehage eller ved samfunnshuset, gå over marka langs utsida av barnehagegjerdet til du kjem til hagen.