Go Norsk Friluftsliv to main content
25. mai 2025

Osterøy utanfor allfarveg

Mer informasjon
Osterøy utanfor allfarveg
IconSted
Osterøy
Icon Tid
Kl. 00.00 - 01.00
Icon Arrangør
Osterøy Turlag
Icon Kontaktperson

Kom og vert med på tur frå Dalamunnen ved Tysse via den veglause garden Moa og til Toskedalen og Grøsvik og fjordcruise  tilbake til Tysse.

På turen har me med Vidar Simmenes som er oppvaksen i Toskedalen, og vil fortelja om liv og oppvekst på desse gardane litt utanfor allfarveg.

Turen går langs den gamle stien dei på Moa nytta når dei hadde vore hjå handelsmannen på Tysse. Det var nok mang ei tung bør som vart bore heim her. Garden på Moa vart driven fram til byrginga av 70-talet. Det bur framleis folk på garden. Her tek me ein god kvil. 

Frå Moa går turen vidare til Toskedalen med Snjonipa og Toskedalsvatnet til høgre. Her opnar det seg opp og gardane i Toskedalen ligg fint i nordre enden av vatnet. Frå Toskedalen går me siste stykket til Grøsvik på veg. Frå Grøsvik vert da skyss med båten Ospenes tilbake til Tysse. Turen her er i seg sjølv ei oppleving rundt Vossaneset, nordre enden av Osterøyne, med veglause gardar på begge sider.

Turen er alt i alt knappe 12 km med ca 370 høgdemeter stigning. Det er blaute parti, så ein bør vera godt skodd. Vi reknar ca 4,5 t på turen. Sjølv om det ikkje er så mykje stigning er turen krevjande nok. Ein må ha med godt med niste.

Oppmøte ved butikken på Tysse kai kl. 9. Me fordeler oss i nokon bilar som køyrer til stistart ved Dalamunnen på Kleivelandsvegen. 

Prisen dekkjer skyss med båten frå Grøsvik til Tysse.

Icon Oppmøtested