Go Norsk Friluftsliv to main content
24. juli 2025

Overnattingstur til Fannaråken 2068 m.o.h.

Mer informasjon
Overnattingstur til Fannaråken 2068 m.o.h.
IconSted
Luster
Icon Tid
Kl. 10.20 - 15.20
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Bli med på tur til Fannaråken – 24.–25. juli!

Er du over 15 år og glad i fjellet? Bli med oss på ein uforgløymeleg topptur til Fannaråken – ein av dei mest populære 2000-meters toppane i Noreg! På toppen får du storslegen utsikt til bratte brear og mektige fjell. Med litt flaks får vi også med oss ei fantastisk solnedgang over Jotunheimen.

Turen startar frå Sognefjellshytta og er ein relativt lett bretur med førar over Fannaråkbreen. Turen opp tek om lag 5 timar. Frå Sognefjellshytta går du sørover ned til austenden av Prestesteinsvatnet. Herfra videre på nordsida av Rundhaugan og to små vatn på 1380 moh. Deretter opp breen og rundt sørsiden av Fanaråknosi og videre til topplatået der Fannaråkhytta, Noregs høgstliggande overnattingshytte (2068 moh), ventar på oss.


Om turen: 

Nivå: Krevjande fottur

Lengde: ca 5,5 km ein veg

Tid: om lag 5 timar

Stigning: 812 høgdemeter


Praktisk informasjon:

Frammøte: Sognefjellshytta kl. 09.55 (rutebuss frå Lom kl. 08.35)

Retur: Frå Sognefjellshytta kl. 15.50 (rutebuss som er i Lom 16.50)

Overnatting: Inne på Fannaråkhytta (middag og frukost er inkludert)

Hugs å ta med: Lakenpose til overnatting. 

Bretur: Vi har breførar og du kan låne breutstyr til turen. 


Tips til pakkeliste: Pakkeliste sommertur


Pris: 

Overnatting, middag, breføring og turleiing er inkludert i prisen. Buss eller evt. anna transport er ikkje inkludert.  

- DNT ung medlem 15 - 25 år: 50 kr

- Ungdom ikkje medlem: 850 kr

- Gratis plass? Har du behov for gratis plass? Kryss av for dette ved før betaling. 


Bli medlem i DNT - ungdom mellom 13 - 25 år kr. 355 - ​Les om medlemsfordeler og bli medlem her!​​​


For kven?

Turen passar for fjellsportinteressert ungdom over 15 år som:

- Har erfaring med å gå på tur i fleire timar

- Kan bera eigen sekk

- Er vand med å gå i bratt og steinete terreng


Våre turleiarar syter for trygg ferdsel og godt samhald.

Påmeldingsfrist: 13. juli

Bli med på ei høgtflygande oppleving du seint vil gløyme!

Icon Oppmøtested