Bli med på ei minnerik helg i Jotunheimen med mål om å gå opp på sjølvaste Uranostind 2157 moh.
NB: Dette er en svært krevande og tung tur. Turleiarane må difor godkjenna deltakarane før dei får bli med på turen. Om du ikkje blir godkjent får du refundert påmeldingsavgifta.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Ekstra krevjande (Svart)
Turomtale:
Denne helga skal vi til vakre Fondsbu, og på laurdagen skal vi opp på sjølvaste Uranostind (2157).
På sundagen treng vi ein rolegare dag, så då går vi i motsatt retning slik at vi kan sjå tilbake på Uranostind og andre flotte toppar i Jotunheimen. Vi går opp på det som heiter Utsikten, og derfrå går vi vidare i retning Skjenegge. Vi held oss stort sett på 1400 til 1600 moh denne dagen.
Turen opp til Uranostind er lang og krevjande. Vi går i eit forhalsvis lett terreng til vi kjem til brekanten. Frå brekanten og opp er det fleire kilometer med jamn og god stigning, og når vi til sist startar på den lange og seige ryggen til toppen så vert det både tungt og krevjande. Vi set også frå oss skia før vi går ryggen, så vi går denne etappen til fots. Ryggen av Uranostind er brei og fin i starten, men den vert smalare og smalare det lengre opp vi kjem. Sjølve toppunktet ligg på ein veldig smal rygg. Her er det verkeleg luftig, med fleire hundre meter ned på begge sider. På vinteren kan dette partiet vere svært farleg å gå utan skikkeleg sikringsutstyr, så vi stoppar eit lite stykke før varden.
Er føret bra, så får vi eit langt og flott unnarenn tilbake til Fondsbu. Turen er ca 26 kilometer lang, med 1300 høgdemeter. For å delta på turen må ein vere i god form, og bør ha fleire langturar i kroppen. Vi reknar med å bruke 9-10 timar i godt og jamnt tempo.
Turen til Skjenegge kan graderast til middels. Fyrste del, opp til Utsikten er ca. 3 kilometer lang med 425 høgdemeter. Etter det vert det flatare, og dei neste 300 høgdemetrane er spreidde over eit lengre strekke. Totalt rundt 14 kilometer og 740 høgdemeter.
Fondsbu er ei veldig trivleg hytte inne ved Eidsbugarden. Den har enkel standard, men maten er stort sett heilt fantastisk. Vi skal bu på 4-mannsrom, og middag både fredag og laurdag er inkludert i prisen. Det gjeld også nistepakke og frukost begge dagane. For å komme inn til Fondsbu må ein vintarsdagen fylgje beltebil. Denne må deltakarane bestille og betale sjølve. Køyring og parkering er heller ikkje inkludert i prisen. Det blir sendt ut eit informasjonsbrev til dei som melder seg på.
Turen går kun på fjellski begge dagar.
Krav til deltakarar:
Veldig god fysisk form. Bør ha gått langturar tidlegare på vinteren. Vant til å bere tung dagstursekk. Gode skiferdigheiter på fjellski.
Utstyr:
DNTs pakkeliste for vinterturer.
Ta med feller.
Frammøte:
Avreise frå Holbergsplass kl 15:30 (for dei som vil vere med på felleskøyring frå Voss).
Transport:
Samkjøyring. Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør (600 kr totalt for tur/retur).
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Prisen inkluderer overnatting (inkl. middag fredag, laurdag, frukost med niste begge dagane) og administrasjonsavgift.
NB: Beltebil, køyring og parkering kjem i tillegg.
Medlem 2500 kr.
Ikkje- medlem 3300 kr.
- Deltakarane må sjølv bestilla beltebil her: https://www.nor-way.no/ruter/beltebil/
- Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør (600 kr totalt for tur/ retur).
Merknad:
Turen til Uranostind går kun hvis breen er trygg og hvis verforhaldene er gode.
Turleiarar:
Bodil Atterås, bodilatt@gmail.com, 41475381
Hilde Håland, 95014575