Vi vandrar langs den gamle Kongevegen over Mannseidet, mellom Kjøde og Moldefjorden, med biltransport til og frå. Turen startar med gudsteneste og guiding i St. Jetmundkyrkja på Åheim frå 1100-talet. Deretter køyrer vi i privatbilar til Kjøde grendehus og går saman over Mannseidet til Moldefjorden. Turen tek ca. 3 timar.
Felles pilegrimstur frå Åheim til Selje
Arrangørar: Selje regionale pilegrimssenter i samarbeid med sokneråda i Vanylven og Selje.
Praktisk informasjon
- Det er ikkje påmelding.
- Ta gjerne med niste.
- Privatbilar vert nytta til transport.
Program
- 11.00: Gudsteneste i St. Jetmundkyrkja, Åheim
- 11.45: Gjermund Rekkedal fortel om kyrkja
- 12.10: Avreise i privatbilar til Kjøde grendehus
- 12.30–15.30: Vandring på Kongevegen over Mannseidet frå Enerhaugen
- 15.30: Transport frå Eide i Moldefjorden til Selje kyrkje
- Skyss til Kjøde grendehus for å hente bilar
- 16.00: Gudsteneste og kyrkjekaffi i Selje kyrkje
- 17.00: Retur til Åheim med privatbilar
Historisk bakgrunn
- Pilegrimsveg: Vegen over Mannseidet har vore brukt sidan slutten av 900-talet av pilegrimar til heilagøya Selja – Noregs første pilegrimsmål.
- Klostertida: Etter at Selja kloster vart bygd på 1000-talet, vart vegen også brukt for å kome til og frå klostergodset i Vanylven.
- St. Jetmundkyrkja: Bygd omtrent i same tidsrom, etter engelsk modell, og med tett kontakt med Selja kloster.
- Kongevegen: På 16- og 1700-talet reiste tre dansk-norske kongar med store følgje her.
- Sagakjelder: Vegen er omtalt både hos Snorre og i Egilssoga, og er ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet.
- Kulturminne: Rodesteinar, grinder, bruer, murar og ein kross der du ser heilagøya for første gong.
I dag er vegen merka som turveg. Han har bratte stigningar frå fjorden på begge sider, og kan vere våt i parti. Hugs gode sko!