Bolsetnipa 1214 moh er ein nydeleg utsiktstopp og turmål både sommar og vinter.
Du kan møte opp for samkøyring frå Festplassen (ved laksen) i Førde kl. 09.30. Turleiarane møter på Festplassen.
Vi startar å gå frå parkering ved porten til Fossheim kraftverk (ca 1 km aust for Skei, skilta Fossheim) kl 10.30. Du kan møte direkte ved kraftverket, oppgi i påmeldinga kor du har oppmøte.
Vi går opp heile skogsvegen mot Fossheimsdalen og kryssar Fossheimselva på ca 500 moh.
Vidare går vi nordaustover mellom fjella Rana 1016 moh og Litlenipa 1024 moh. Vidare nordaustover til ein kjem opp på fjellryggen på ca 1200 moh som går fyrst nordover og siste del nordvestover til varden på Bolsetnipa 1214 moh.
Turen har jamn slak stigning heile vegen, og høver dei fleste som har lyst på ein flott helgetur for å prate, teste ski og føre. Gradering på turen er merka som krevjande grunna tal høgdemeter, men nivået er middels; høver for dei med litt erfaring i terreng, er middels trent og har grunnleggjande ferdigheiter.
Bruk randonee-ski. Ta også med godt med mat og drikke.
Utstyr: Vi går ikkje i skredterreng, men vi vil at du har med skredutstyr og vi testar dette ved start (mogleg å låne). Varme turklede. Mat og drikke. Sjå elles DNT si pakkeliste for topptur
Kartblad Breim1318 III / Turkart Jølster / Indre Sunnfjord (ikkje alle treng kart, turleiar har med kart).
Turtid er ca 5 timar tur/retur (pauser kjem i tillegg)
Lengde ca 10 km tur/retur
Høgde frå 230 moh til 1230 moh
Påmeldingsfrist: Ønskjer påmelding, meld deg på via påmeldingsknappen. Oppgi kor du ønskjer å møte.
Turleiarar: Lise Mari Haugen og Merete Helgheim (tlf 99 45 79 50)
Velkommen på tur!
Praktisk informasjon (gjeld alle turar)
#helgetur