Bli med opp på den nydelege Risheia, som ligg ovanfor dei veglause Ramsfjell-gardane høgt over Jøsenfjorden.
Me møtes nede på fylkesvegen ved Ramslia hyttefelt (rett på vestsida av Sildafjelltunnelen) Jøsenfjordvegen 197, 4134 Jøsenfjorden - kl 10.30. Startpunktet ligg på ca 50 moh. Der møter me òg kjentmann for dagen Kjell Magnus Langvik.
Første etappe er bratt rett opp den urete fjellsida på god sti. Dette er hovudstien opp til Ramsfjellgardane, som ligg ca 400 moh. Me kjem opp på Midtre Ramsfjell, og svingar av austover på god sti mot Indre Ramsfjell. Desse gardane er i seg sjølv verdt turen.
På Indre Ramsfjell tek me ei pust i bakken, og ein matbit. Kjell eigde garden Indre Ramsfjell tidlegare, men har nå ført den vidare til dattera. Kjell er godt kjent i området og har mange historier frå gardane her oppe i heiabrotet.
Me går vidare på skrå opp frå tunet, og det stig på og me passerer skoggrensa. Då kjem me opp på den nydelege, vide og opne Risheia.
Første målet på heia her er det flotte utsiktspunktet Hest, 661 moh. Her ser me innover og utover Jøsenfjorden. Neste mål ligg lengre inne på heia; den store fine Risheivarden, 767 moh. Derfra ser me heile Ramsfjellheia, og vidare nordover mot Suldalsheiane.
Me tar ein ny pust i bakken og fyller på med mat og drikke. Deretter tar me ein rundtur i denne vakre heia, med utsiktar nordover og inn/ut Jøsenfjorden. Her er det vatn, tjern og myrar, og lett terreng å ferdast i.
Me tar ein annan bratt sti ned til tunet igjen på Indre Ramsfjell, og deretter same sti ned som me gjekk opp.
Reknar med å vere nede ved bilane igjen ca 16.30.
Det er bratt og dels ulendt terreng. Du må ha god kondisjon og vere relativt fjellvandt . Turen er ikkje så veldig lang i distanse, men det bratte terrenget gjer at den kan virke krevjande for enkelte.
Ta med godt med mat og drikke - Ha gode sko og klær etter værholda.
Sjekk værmelding før du går !
Turen er gratis og det er ingen påmelding -
men støtt gjerne vårt frivillige arbeid i Den norske turistforening ved å bli medlem