Rodag for heile familien! Kystlaget vil stille med tradisjonsbygde båtar, ein sognefæring (mogeleg for to stk å ro samstundes), og ein æring som er bygd for born og unge.
Det vil vere mogeleg å ta roknappen for dei som måtte ynskje det.
Arrangementet er delfinansiert av Luster Sparebank og Sogn Friluftsråd og er opent for alle som ynskjer ein dag på fjorden.
Me tek med bålpanne og serverer kokekaffi. Ta med grillmat om ein ynskjer å ete lunsjen ute denne dagen
Møt opp ved båthamna i Høyheimsvik i Luster. Det er både parkeringsplass og rasteplass om ein tek med seg lunsjen.
Inge påmelding. Ingen deltakaravgift, Ingen kostnadar.
Me har redningsvest til alle som ynskjer ein rotur på fjorden.