For aller første gong arrangerer me Ronja-løpet, og du er invitert! Ta med heile familien og bli med på ein dag full av løpeglede og spenning. Oppmøte med Hundvåkøy samfunnshus. Alle kan delta!
- Barneløp (0-12 år): Start kl. 12:00. Ei litt kortare distanse for dei minste. Alle barn får premie!
- Vanleg løp (frå 13 år): Start kl. 13:00, her deles det inn i dame- og herreklasse.
Utfordre deg sjølv i vårt flotte løp frå fotballbanen til Ronja!
Premiering:
- I voksenklassen blir det premiering til dei tre beste!
- Alle barna som deltek i barneløpet får premie.
- 100 kr pr deltaker over 13 år, alle under 13 år deltar gratis.
- Du kan melde deg på løpet på løpsdag.