Vi startar å gå frå vass-tanken i Valborgkleiva.
Deretter går vi vegen i ca. 200m, før vi tek av på sti på høgre side av vegen. Vi går i kupert terreng til vi kjem inn til Leirelva. Vi går oppover langs denne idylliske elva der ho svingar seg i terrenget.
Vi kjem så inn på merka rås til Veten ved den nederste brua, og vi føl råsa til Leirstøylen.
Vi går herifrå fram til eit utsiktspunkt, ved å følgje veg/sti nokre få hundre meter.
Tilbaketuren kan vi gå langs veg eller rås.
Tur-retur ca. 5km
Kan være noko vått i terrenget deler av turen.
Turleiarar er Trude Elin Eimhjellen og Synnøve Førde
Oppmøte ved Stilstova kl 17:00
Velkomne til gratis turlagstur!