Ein av finaste turane her i ytterkanten av Jotunheimen, med flotte utsyn undervegs og frå toppen.
Turstart på sti frå Bygdinstøga/Fagerstrand, bratt opp til heimre Fagerdalen og vidare opp til det sørlege toppunktet på Synshorn. Vidare nord til høgste Synshorn (1475 moh), og så vestover ryggen til toppen av Heimre Fagerdalshøe (1510 moh). Om lag 2 t gåtid hit, 450 høgdemeter. Heile tida herleg utsyn mot fjellsjøen Bygdin, og mot vidder, høer og tindar i alle retningar. Umerka rute, men ganske tydeleg tråkk.
Frå toppen kan ein ta ulike val, avhengig bl.a. av vêr og føre. Oftast går vi vidare rett vestover og ned til den T-merka stigen frå Valdresflye. Langs denne eit stykke, men så rett fram gjennom heimre Fagerdalen og ned att mot Bygdin. Alternativt: fylg T-stien ned til Bygdisheim, og så vegen attende til Bygdin. Totalt ca. 4 t gåtid. Ta med mat, drikke og ekstra tøy (også vindtett). Bruk fjellsko.