Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Aug 2026

Rundtur på fagre Jølstraegga

Mer informasjon
Rundtur på fagre Jølstraegga
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 09.00 - 17.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Jølstraegga er kanskje IST sitt svar på den populære Besseggen? Jølstraegga byr på storslagen utsikt over det eirgrøne brevatnet i Kjøsnesfjorden.

Vi møtets ved Skei hotell kl.09.00. Vi parkerer nokre bilar ved Skei hotell då dette er ein rundttur der vi kjem i retur ned til Skei, men starter turen fra Fossheimsdammen.

Vi startar og går ca kl. 9.15 frå Fossheimsdammen ca 500 moh (bomveg opp dit) på god sti via Fossheimstølen og Instebotnvatnet til Høgenipa 1307 moh. Deretter følgjer vi "Jølsteregga"  med nydeleg utsyn til Kjøsnesfjorden, går via Skafonnfjellet 1160 moh til Kleivafjellet 1054 moh og deretter ned til Vikastølen 640 moh og vidare på god sti ned til Skei.

Vi skal høgt opp denne dagen, over 1300 moh.
Du må ha solide sko, varme og vindtette klede. 
Turen tek 6-7 timar. 

Kart og bilete UT.no;

Turbeskriving rundtur Jølstraegga (denne beskrivinga fram til Skafonnfjellet). Deretter; Sjå her for retur til Skei via Kleivafjellet og Vikastøylen.

Turleiarar: Knut B. Skurtveit 48220902 

#helgetur

Icon Oppmøtested