Nordhordland Turlag inviterar til søndagstur til Fjelde gard!
Søndag 18. mai 2025 går turen til Fjelde gard. Ein særprega tur til ei mindre kjent perle i Alver. Fjelde er eit nedlagt fjellsamfunn i det som fleire kallar fjellstrilen sitt rike. Turlaget lovar ein innhaldsrik tur med spennande kulturhistorie, kulturminne og kulturlandskap. På Fjelde gard vil Ivar Eidsheim, medforfatter til boka "Fjelde, liv og lagnad" møte oss. Vi vil få høyre historiar og få omvisning.
Artikkel om Fjelde (BT) og artikkel om Fjelde (Strilen)
Tidspunkt: Søndag 18. mai 2025
Oppmøte kl. 11.00 på parkeringsplassen, rett over E39 i Urdal (etter første tunnelen etter Eikefet når du kjem sørifrå).
Turomtale: Når vi har parkert bilen tuslar vi inn på grusvegen opp til Kleiva (ca. 45 -50 min). Deretter kjem vi på god sti innover til Store Urdal-setra. Vi går igjennom tunet og no kan vi sjå Fjelde gard oppe til venstre. Vi går vidare på god sti og krysser elva på ny bru (den gamle hengebrua er vekke). Litt ulent terreng i 15 minutter før vi merker at stien gjer seg til med store steinheller og vi nærmar oss innmarka til Fjelde. Totalt reknar vi 2 timar opp frå E39 til Fjelde. Returen frå Fjelde gard går same vegen ned via Store Urdal - setra.
Turleiar er Svein-Even Grindheim med fleire.
PRAKTISK INFO
Gradering av turen: Middels. Det er viktig at du setter deg inn i graderingen på turen. Les mer om gradering av DNT-turer her.
Krav til deltakar: Du skal lese turomtalen og informasjon her nøye og vere førebudd i samsvar med det. Setje deg inn i generelle vilkår for fellesturar - lese her i lenka.
Dersom du må melde deg av turen, skal du melde det til nordhordland.turlag@dnt.no Ved avmelding får du ikkje att påmeldingsavgifta (pga. små summar). Ved sjukdom må du bruke reiseforsikring for refusjon av utgifter.
Pris: kr 50,- for medlemar og kr 150,- for ikkje-medlemar for turleiing og sikkerheitsutstyr.
Bli medlem få rabatt – les mer om medlemskap og meld deg inn.
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNT-turleiarkurs. Turleiarane i DNT får ikkje løn for turar dei leiar, men gjennomfører sine oppdrag som frivillig arbeid. Påmeldingsavgifta dekker turleiar sine kostnader ved oppdraget t.d.transport, mat og overnatting, og kompetanseheving som skredkurs, turleiarkurs og førstehjelpskurs. Turane vert til på grunn av frivillige si glede med å ferdast i naturen og vilje til å gje andre gode naturopplevingar.
Sikkerhet: Vi har risikovurdert turane og aktivitetane og jobber kontinuerlig med å redusere risikoen for alvorlege skader og ulykker på våre turar. Likevel vil det alltid være ein risiko ved å ferdes i vår natur. Deltakarane må lese denne turinformasjonen nøye.