Velkommen 2026!
Nordhordland Turlag startar med det viktigaste: Å invitere dei frivllige i laget til litt moro og kanskje litt nytte.
Tid: Fredag 16. januar frå kl. 17.00 til lørdag 17. januar ca. kl. 14.00
Stad: Rongevær kysthytte
På programmet:
- Fredag: God mat, lett underhaldning og lagbygging, som startar kl. 19.00, men allereie frå kl. 17.00 kan du komme. Vi organiserar båtskyssen.
- Lørdag: Minikurs i ulike tema: Fotokurs, matkurs og meir kjem til.
Andre Marton Pedersen kjem og vil dele korleis ta gode bilder, og med på kjøpet vert det turinspirasjon.
Gratis overnatting, middag fredag, frokost og lunsj på lørdag.
Du må melde deg på. Dersom du ikkje ønskjer overnatting, gje det opp i påmeldinga di.
Alle er hjarteleg velkomne, erfarne travarar og nye i laget.