Go Norsk Friluftsliv to main content
16. Sep 2026

Seniortur - Øvre Grydningen-Byttene

Mer informasjon
Seniortur - Øvre Grydningen-Byttene
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 09.30 - 16.00
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Etter frammøte prøver vi å organisera litt samkøyring frå Landa.

Det er ca.15 km å køyra inn mot Blådalen til Grøningen, der parkerer vi ved hengjebrua. 
Over brua går vi ei tidvis bratt stigning på 300 høgdemeter opp Grydningsdalen. På vegen opp lia passerer me tippen på høgre side. Dette er massar frå driving av tunellen mellom Blådalsvatnet og Fjellhaugen. Vidare oppover formar dalen seg til ein trong v-dal før landskapet øvst oppe opnar seg og flatar ut i Øvre Grydningen. Her passerer me ei klynge med gamle murar (763 moh) som vitnar om stølsliv i gamal tid. 

Turen fortset med roleg stigning opp og gjennom eit skar der me etter kvart passerer fleire små vatn (Byttene), før me når turmålet der eit overveldande utsyn møter oss og me kan ta lunsj og fundera over alt me ser. 
Etterpå ruslar vi ned att same veg som vi kom opp.

HUSK: Tursko med god såle og ta gjerne med stavar, Grydningsdalen er bratt.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 09.30 ved Landa bru
  • Turkarakter: MIDDELS / KREVJANDE
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Eldbjørg Teigen (990 42 295) og Elling Haveland (909 38 249)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           7 km tur/retur 
    • * Høgdeskilnad:  465 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested