Dette er første turen i 2026 for Seniorgruppa i Kvinnherad Turlag.
Dagens tur er ein lett tur i kulturlandskapet rundt Halsnøy kloster.
Her finn ein klosterruinar frå mellomalderen, gravhaugar (truleg bronsealder), tuft etter langskipsnaust frå jernalderen og ein steinring, truleg ein tingstad frå førkristen tid. Ein finn og ein skålgropstein frå bronsealderen i klosterbryggja. Halsnøy kloster har ein særs rik flora og fauna, og ein rik geologisk historie.
Gjennom samarbeid mellom Venelaget for Halsnøy kloster, Sunnhordland museum og Riksantikvaren har det blitt laga ei innhaldsrik kulturløype i området rundt klosteret. Langs løypa er det informasjonstavler om mange ulike tema.
Etter rundturen tek vi ein matpause, denne håpar vi å ta inne i den nyopp-pussa Haugastova, og samstundes få høyra om historien for denne.
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.