Ved frammøte på Valen tek vi opprop og samordnar deretter transporten vidare til Holmedal der det ikkje er parkeringsplass til mange bilar.
Vandringa startar ovanfor den gamle kyrkjegarden på Holmedal. Første delen går på bratt, til tider litt steinete skogsveg. Lenger oppe går vi på sti som er mindre bratt. Men rett før snaufjellet er det eit ca. 150 m nokså bratt parti, deretter flatar det ut oppå høgda fram mot varden. Der får vi fin utsikt utover Skånevikfjorden og mot Matre/Matresdalen.
Etter matpausen går vi samme veg tilbake.
HUSK: Fjellsko, det er nokre våte parti !
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt.
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.