Go Norsk Friluftsliv to main content
11. Mar 2026

Seniortur - Krokavatnet og Vasstølsvatnet, Utåker

Mer informasjon
Seniortur - Krokavatnet og Vasstølsvatnet,  Utåker
IconSted
Kvinnherad
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.30
Icon Arrangør
Kvinnherad Turlag
Icon Kontaktperson

Frå bygdehuset går vi bort til bedehuset og inn på traktorveg, og går ca ein halv time på denne. Deretter vidare inn på sti til me er oppe på ca 300 moh. Her går me ned til Stemmen (utløpet frå Krokavatnet) og kryssar over til andre sida, og inn langs med vatna. Der er det meir og mindre synleg sti. Me har difor med oss Marit Teigen som er godt kjent i området til å guida oss trygt rundt vatna. 

Ved Teigavasshaugen tar me lunsj før me fortset over på motsett side av vatna. Om det er frost i marka reknar ein turen som middels. Men om myrane er våte, er det mykje tyngre å gå, og turen blir då vurdert i grensa til å vera krevjande. 
Før turen ned lia kjem me inn på same sti som me kom oppover på, og me returnerer ned til bygdehuset igjen.

HUSK: Gode fjellsko...  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. 
Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. 
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 ved bygdehuset på Utåker (Holmedalsvegen 130)
  • Turkarakter: MIDDELS 
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Eldbjørg Teigen (990 42 295) og Jan Martin Skaaluren (917 26 614)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           7 km delvis rundtur
    • * Høgdeskilnad:  290 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg
Icon Oppmøtested