Seniorgruppa i Kvinnherad Turlag arrangerar årets "hyttetur" til Telemark der me skal bu på Rauland Høgfjellshotell. Dette er ein tur for medlemmer i DNT.
Dagsturane i området blir bestemt etter kvart som me ser korleis veret blir. Men turdeltakarane bør vera i god form då turane kan bli 10-15 km lange, med opp mot 6 timar gangtid. Ein tur til Gaustatoppen står på ønskelista, men denne turen er veravhengig. På UT.no står ein slik tur oppført som KREVJANDE, dei øvrige turane våre vil ha karakter MIDDELS.
På hotellet går vi som vanleg til duk og dekka bord
Hotellet har ei velværeavdeling som turdeltakarane har tilgang til kostnadsfritt under opphaldet. Du finn meir opplysningar om hotellet på denne linken: Rauland Høgfjellshotell.
Maksimalt deltakartal er 28 personar, og det vert opna for påmelding frå 1.april.
Dersom turen vert fullteikna, er det muleg å setja seg på venteliste.