Turen til Håøyne er i eit fint og historisk viktig område. På toppen av Håøyne stod under andre verdskrigen det store kanoner som dekka innseglinga mot Bergen her. Desse var ein del av Tellevik kystfort. Der Frank Mohne har sine fabrikkar på Flatøyne, var det sjøflyhamn under krigen.
Utsynet frå toppen er formidabelt. Innover mot Salhus og fjella over. Utover mot Alverstraumen og Radøy og gjella på Holsenøy.
Det er laga gode stiar og turvegar, men gode sko kjem alltid godt med. Kle etter veret.
Hugs niste og drikke.
Me møtes på parkeringen på Rolland på Osterøy kl. 9.30, og ser om me får til litt samkøyring derifrå.
Turen er ca 5 km og knappe 200 høgdemeter stigning. Den er ikkje særleg krevjande sjølv om det er nokså bratt opp til toppen.
Turleiarar er Turid Hannisdal og Solveig Bruvik - mobil : 905 37 732 og 917 71 394