Hetlebakksåta er eit ynda turmål i Åsane. Ein kan gå mange ulike løyper, men på denne turen går eini frå Leikvang stadion og følge rinden oppover over Nuken og Fjellbruna, forbi Litlastemmo og strake vegen opp på Hetlebakksåta.
Her har ein flottt utsyn, ikkje minst heim til Osterøy, men og mot Veten og byfjelna. Kjekt å sjå Stemmeseggi, Erstadfjellet, Hånipo og Iseggane frå denne sida.
Turen er om lag 5 km tur retur og har knappe 300 høgdemeter stigning. Det er god sti.
Ein kan aldri sjå bort frå våte parti, så gode sko er ei føremon. Kle etter veret.
Hugs niste og drikke.
Me møtest på parkeringen på Rolland på Osterøy kl. 9.30 og prøver å organisere litt samkøyring derifrå.
Turleiarar er Bodil Solberg og Åge Slettebakken - Mobil: 974 67 711