Opplev vakre Tansberg og magiske Saur på same skituren
Dette er skituren for deg som ønskjer å oppleva vinternaturen aust for Tansbergfjorden og i det idylliske området Saur.
Turen startar på parkeringsplassen på Liaåsen ovom stølsgrenda Lie i Øystre Slidre. Der frå er det kort veg opp i oppkøyrde skispor. Vi følgjer løypa Tansbergrunden i slak utforbakke og lett terreng sør til krysset ved Vingaråsen. Der frå går løypa i svake stigningar opp til toppen av Bjødnhøvd der det i klart ver er utsikt mot Jotunheimen. Etter ein ikkje altfor frisk utforbakke kryssar vi utløpet av Tansbergfjorden og går i slakt terreng til gapahuken på Tansberg. Her har vi ein lengre matpause. Etter pausen følgjer vi løypa ca. 2,5 km vidare til løypekrysset mot Saur. Er de ikkje gode skispor mot Saur, held vi fram mot Liaåsen og bilane.
Er det god nok løype mot Saur, går vi den runden. Etter eit lite stykke frå løypekrysset byrjar ei kort og ikkje for bratt oppstigning. No kjem vi inn i uberørt natur, kanskje det finaste skiområdet i denne delen av Øystre Slidre. Her er det utsikt mot Mellane, Langsua og mot Jotunheimen. Etter ein frisk, men kort utforbakke er vi inne i hjartet av Saur der det om sommaren er mange som fiskar i fiskevatna der. Her var det eit flyslepp under siste verdskrigen. Etter ca. 1 km. kjem vi ned til gapahuken ved innsjøen Kjølen. Også her har vi ein lengre matpause. Etter pausen følgjer vi same løypa i slak motbakke opp til krysset mot stølsgrenda Rabalen. Vi følgjer løypa i slakt terreng opp på Kjølafjellet og der frå er det for det meste lite bratt utforbakke tilbake til Liaåsen.
Turen er ca 26 km lang. Den er ikkje særleg tung, og vi brukar den tida vi treng. Men du må vera i rimeleg god form slik at du meiner du greier å gjennomføra ein så lang tur. Dersom vi ikkje går om Saur er turen ca. 16 km. Uansett er det meste av turen i ope lende, så du må kle deg for ei lang dag i fjellet. Ha med ekstra klede som vottar, lue og kledsskift dersom du blir kald. Ta med sitjeunderlag og rikeleg med mat og varm drikke.
Turleder 1 | Bjørn Vegard Johnsen | 48142002 | bjorn.vegard.johnsen@gmail.com |
Turleder 2 | Ester Christensen |
|
|
Du går på eige ansvar, men vi turleiarar skal gjera turen så trygg som mogeleg.
Turen kan bli avlyst, utsett eller endra dersom veret blir for vanskeleg.
Frå Fagernes reiser vi nordover F 51 og tar av mot Melbybråten. Der frå følgjer vi skilta veg til Ås, passerer bommen (bomavgift) og reiser gjennom stølsgrendene Heimstølen og Lie og parkerer oppe på Liaåsen.
Påmelding digitalt eller på sms på 48142002 seinast kl. 18.00 12. mars.
Kart: Turkart Øystre Slidre Mesterkart 1:50 000 eller appen Skisporet