Skitur i variert og vakkert fjellterreng
Bli med på ein flott skitur i preparerte løyper gjennom variert og storslått fjellandskap. Turen startar ved Rondablikk fjellsenter og går gjennom område med nydeleg utsikt mot både Rondane og Jotunheimen.
Turen er om lag 20 km lang og går i variert terreng. Det er ca. 2 km stigning opp mot Klufttjønna, før løypa vidare byr på småkupert terreng. Ned mot Mysuseter er det om lag 2 km samanhengande nedoverbakke.
Dette er ein flott og innhaldsrik skitur i fantastisk turterreng.
Praktisk informasjon
Dato: Søndag 21. februar kl. 10.00
Varigheit: Ca. 3–4 timar
Lengd: 20 km
Nivå: Noko krevjande
Oppmøte: Rondablikk fjellsenter (ca. 10 km frå Kvam)
Merk: Parkeringsavgift
Turområde: Kvamsfjellet – Mysuseter
Utstyr
Matpakke, drikke, ekstra klede og enkelt førstehjelpsutstyr.
Påmelding på DNT Gudbrandsdalen si nettside
Påmeldingsfrist: 14. februar
Turleiarar:
Bente Brustuen Bråten - bbbr@online.no - 48 10 01 54
Cathrine E. Nygård - 95 12 24 64
Pris
Gratis – alle er velkomne!
Våre turleiarar er frivillige og bruker av fritida si for å dele turglede med andre. Bli gjerne medlem i DNT – då bidreg du til at vi kan tilby endå fleire aktivitetar og turar.