Go Norsk Friluftsliv to main content
18. Nov 2025

Skredkveld i Førde

Mer informasjon
Skredkveld i Førde
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 18.00 - 20.30
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson
Indre Sunnfjord Turlag
41337213
indresunnfjord@dnt.no

Skredkveld i Førde

No nærmar det seg den tida der kvite, små snøfnugg dalar ned mot bakken og vert til ein kjekk leikeplass. Vi gjentek suksessen og inviterer til skredkveld om trygg ferdsel i Førde tysdag 18. november kl. 18.00.

La oss fylle auditoriumet på Førde vgs med vinterglade vener! Anten du er ein erfaren toppturentusiast eller nybyrjar, er du velkommen til ein kveld der du kan møte andre, tileigne deg ny kunnskap eller repetere det som har blitt lagt på is sidan førre sesong.

I løpet av kvelden får du m.a. innblikk i:

  • Kva er skredterreng?

  • Korleis tek ein trygge vegval?

  • Kva er Varsom Regobs, og korleis brukar ein snøskredvarselet?

  • Kva kan vi lære av tidlegare ulukker?

  • Skredredning og utstyr til førstehjelp i vinterfjellet.

Det blir utlodding av flotte sponsorgåver, og enkel servering med kaffi og snacks.

Gratis arrangement – inga påmelding!

Skredkveld er ein del av den nasjonale satsinga i samarbeid med Snøskredvarslinga i Norge (NVE), CARE og Fri Flyt, og skal gi både inspirasjon og påfyll av kunnskap for trygg ferdsel i vinterfjellet. Lokal arrangør er Bre- og fjellsportgruppa i Indre Sunnfjord Turlag og Skredgruppa i Sunnfjord. Føredragshaldar er Jostein Aasen, senioringeniør og snøskredvarslar i NVE.

Icon Oppmøtested