Den kalde fine tida er på vei, toppane i horisonten har fått eit kledelig melisdryss og vi sparker i gang topptursesongen med Skredkveld på Husabula. Her får du foredrag av tindevegleder Erlend Aunevik, skifilmer fra Fri Flyt og ein flott arena for å treffe nye turvenner.
Arrangementet i Florø er eit samarbeid mellom Flora Turlag og Sparebank 1 Sogn & Fjordane.
Det er gratis inngang, og eit begrensa antal plassar. Vi ber difor om at ingen sit på billetter som ikkje blir brukt, men gir oss beskjed om du har booka plass og likevel ikkje kan delta.
Interessa for toppturar om vinteren har eksplodert, og stadig fleire blir hekta på denne fantastiske forma for friluftsliv. Midt opp i all euforien er det viktig å hugse på at vinterfjellet er lunefullt. Å ferdes trygt i vinterfjellet krev både kunnskap og erfaring, riktig utstyr og riktig turfølge. Skredkvelden gir deg som er fersk en fin introduksjon til det gå på topptur, og det er vil være en fin oppfriskning til deg som allereie har blitt hekta på dette livet.
Kvelden skal ikkje berre fortelle deg kva du skal gjer for å komme trygt heim. Den skal også inspirere deg til å dra på eigen eventyr, tilpassa ditt nivå, og du skal få vite dei hemmelige triksa du må kunne for å finne den beste snøen.
Dette kan du lære meir om på Skredkvelden:
- Kva er skredterreng?
- Korleis tek ein trygge veival?
- Kva er Varsom-appen og korleis brukar ein Snøskredvarselet?
- Kva kan vi lære av tidlegare ulykker?
- Korleis finn vi den beste snøen?
- Toppturtips i nærområdet vårt.
Om foredragsholderen - Erlend Aunevik
Erlend jobbar med friluftsliv ved Nordfjord Folkehøgskule, som skredobservatør for NVE Varsom og som Tindevegleder. "Eg har kjørt ski heile livet, og det er min store lidenskap. Å finne den beste og trygge snøen, er noko eg bruker mykje tid på. Eg ønskjer å gi andre skientusiaster gode verktøy som gjer at fleire kan ferdast tryggare, finne den beste snøen og få utnytta dei fantastiske moglegheitene vi har til skikjøring i området vårt.
Skredkvelden er eit samarbeidsprosjekt i regi av Den Norske Turistforening, Varsom – Snøskredvarslinga, CARE og forlaget Fri Flyt.