Go Norsk Friluftsliv to main content
30. Apr 2026

Stølsheimen frå fjell til fjord (Vandregruppa)

Mer informasjon
Stølsheimen frå fjell til fjord (Vandregruppa)
IconSted
Vik
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Oslo og Omegn frivilligorganisert aktivitet
Icon Kontaktperson

Stølsheimen er eit nedbørsrikt fjellområde. Den gode sida ved nedbøren er at det kan vere mykje snø der om vintrane, slik at skisesongen varer lenge. Området byr på variert og spennande skiterreng for røynde fjellskiløparar. Våren er den beste tida for skiturar i det kuperte og litt utfordrande området.

Torsdag 30. april.  Frå Vikafjellet til Selhamar (22 kilometer, 460 høgdemeter opp og 490 ned, kvista, 6 timar).  Ut.no Frå Vikafjellvegen til Selhamar. Maxitaxi frå Voss til Vikafjellet der kvistinga tek til ca 900 m.o.h. litt nord for Vetlavatnet. Vi følgjer vassdraget forbi Lars-Olavatnet, Kringlavatnet og Holmavatnet opp til eit vasskilje på om lag 950 m.o.h. Så kjem vi over til Mørkves-Grøndalen og Skjervheims-Grøndalen. Etterkvart kryssar vi oss opp i lia på vestsida av Langavatnet og over til Kvanndalsleitet der vi møter ruta frå Trefall i Eksingedalen. Herifrå er det nedoverbakke, og deretter over Kvilesteinvatnet og Selhamarvatnet fram til hytta. Selhamar, sjølvbetent 45 sengeplassar.

Fredag 1. mai. Frå Selhamar til Åsedalen (13 kilometer, 210 høgdemeter opp, 270 ned, kvista, 4 timar). Ut.no Frå Selhamar til Åsedalen. Først nordover Vassøyane og Raudbergvatnet til Store Rappavatnet. Der dreier ruta sørvestover til Geitdalsvatnet og langs Holskarvatnet til Holsskardet og over Hallsetvatnet til hytta på nordaustsida av dette vatnet. Åsedalen, sjølvbetent, 21 sengeplassar.

Laurdag 2. mai. Frå Åsedalen til Solrenningen (16 kilometer, 490 høgdemeter opp, 660 ned). Nordover til Grøndalsvotne og opp lia på vestsida og vidare på vestsida av Urdanipa og ned gjennom Dyrendal til Vaskevatnet. Deretter vestover forbi Alrekstølen til Solrenningen. Denne ruta blir gått berre dersom det er fint ver og god sikt. I dårleg ver følgjer vi kvistaruta   (ut.no: Solrenningen til Åsedalen), 11 kilometer, 70 høgdemeter opp, 240 ned, 4 timar. Kvistaruta går nedover Stordalen til Stølsvatnet og deretter forbi Solrenningvatnet og fram til hytta. Solrenningen, sjølvbetent, 35 sengeplassar.

Sundag 3. mai. Frå Solrenningen til Norddalshytten (12 kilometer, 820 høgdemeter opp, 470 ned). Opp lia ovanfor hytta til Vassdalen, og over eit skar til neste dal. Der dreiar ruta nordvestover, og vi kjem etterkvart inn i same området som sommaruta (ut.no: sommarrute frå Solrenningen til Norddalshytten), som går om Storefonnosen og Åsabotnen ned til Norddalen. Norddalshytten, sjølvbetent, 20 sengeplassar.

Måndag 4. mai. Frå Norddalsbytten til Brydalsseter (9 kilometer, 200 høgdemeter opp, 700 ned). Vi følgjer dalen nordover forbi nokre små vatn og fram til Storevatnet. Vidare nordover på austsida av Brydalsfjellet og ned Brydalen til hytta. Turen er rekna til å ta 2 – 3 timar, så denne dagen er det tid til å gå ein omveg om det er fint ver, til dømes over Tuledalsegga og Geitefjellet. Brydalsseter, ubetent, 7 sengeplassar.

Tysdag 5. mai. Frå Brydalsseter til Ortnevik (7 kilometer, 500 høgdemeter ned). Vi et tidleg frukost og legg tidleg ut for å rekke ferja kl 10.  Hytta ligg knapt 600 moh., så vi kan ikkje vente at det er snø her. Vi festar skia på ryggsekken og går på sti ned Breiddalen og vidare på veg nedover Storedalen til Ortnevik. Turen tek om lag to timar.

Reise: Tog er den mest høvelege reisemåten til Voss. Siste turdagen kjem vi ned til ei ferje som korresponderer med båten som kjem frå Bergen og går vidare innover Sognefjorden til Aurland. Snaraste reisemåten vidare er å ta buss til Lærdal og deretter til Oslo. Vil ein ha ein meir turistvenleg reisemåte, kan ein også ta Flåmsbanen opp til Myrdal og deretter med Bergensbanen til Oslo. Sjå rutetider på vy.no og entur.no.

Etappane på denne turen er ikkje spesielt lange, men turen går i krevjande terreng med mange opp- og nedstigingar. For å ha tilstrekkeleg fleksibilitet til å tilpasse turopplegget til vermeldingane er det naudsynt at alle har kapasitet til å gå ein dobbel etappe. Turen er difor gradert som ekstra krevjande. Deltakarane må vere vane med å gå på fjellski i kupert terreng. Det er ikkje naudsynt å kunne telemarkssvingen, men ein må kunne ta seg kontrollert ned ei fjellside med tung sekk på ryggen. 

For å ha fleksibilitet til å endre turplanen, reserverer vi ikkje plass på hyttene, bortsett frå siste natta. Brydalsseter er ubetent, så til denne hytta må vi bere med oss mat frå Norddalshytten. Alle må difor ha plass i ryggsekken til å bere med litt felles middagsmat og det ein elles treng til seg sjølv.

Med atterhald om endringar i programmet. Det er turleiarane som etter å ha teke omsyn til tilhøve og vermelding   avgjer om dagsetappane let seg gjennomføre som planlagt. Oppgitt tidsforbruk er gangtider. Pausar kjem i tillegg, og ver, føre og vind kan også gjere at vi brukar meir tid.

Utstyr: DNT pakkeliste vinter.

Deltakarar: 8 deltakarar og 2 turleiarar.

Vilkår for deltaking: Når du melder deg på, stadfester du at du har lese og godteke vilkåra: Vilkår for deltakelse på frivillig organiserte aktiviteter i DNT Oslo og Omegn. Les også Viktig informasjon fellesturer.   Dette er ein friviljug organisert tur, som ikkje er omfatta av pakkereiselova. 

Turleiarane er friviljuge. Dei har gjennomgått turleiarkurs, og har lang røynsle med slike turar. Turleiarane gjer turleiaroppdraga med stor glede og deler viljug både friluftsrøynsle og turglede med deltakarane.


Turleiarar: Sveinung Helgheim og Albrecht Hofheinz 

Icon Oppmøtested