Go Norsk Friluftsliv to main content
01. Mar 2026

Sundagstur: Skorseteggi

Mer informasjon
Sundagstur: Skorseteggi
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Ein flott og enkel skitur. Her kan ein nyta utsikta i alle himmelretningar både på opp- og nedturen!

Gradering / vanskelegheitsgrad:   

Middels/ blå. 500 høgdemeter, 15 km og 5 timar.

Turomtale:

Me startar ved Ospahaugen og fylgjer vegtrasen i en times tid til stølen Helgaset, der tar me første pause. Stølen er ein fantastisk perle gjømt i Langedalen. Videre tar me vintertrasen til Skorseteggi i omlag en time. Når ein kjem opp på Skorseteggi så er det visynt i alle retninger. 

Me snur mot Kolingseggi og tar ein god pause oppå platået, før me går ein times etappe mot toppen med fin utsikt heile vegen. 

Frå Kolingseggi går me via Storevarden, før me skrir ned mot bilene via Fjosestølen (noko krevande nedkøyring).  

Det er fantastisk skiterreng heile turen. 

Krav til deltakarar:

God fysisk form, gode skiferdigheiter (meistrar å stoppe og svinge ved behov) og kunne være i ei gruppe på tur.

Utstyr:
DNT si pakkeliste for dagstur vinter.

Hugs gode reserveklede. Ull er gull. Mat og drikke.

Frammøte:
Oppmøte Holbergsplass kl. 09. 

Transport:  
Samkøyring.

Turleiing: 
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.  

Pris:
Medlem: 75 kr (administrasjonsavgift)
Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsavgift)

Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 50 kr.

Merknad:
Turen blir i regi av snøforhold.

Turleiarar:
John-Inge Johnsen, retardo@online.no, 97 00 04 22

Gunn Hommedal Kvitne, 99 60 45 06

#sundagstur

Icon Oppmøtested