Fjellturen byr på eit spekatulært utsyn over Sognefjorden, Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Over fjell og hei.
Kven skulle ha trudd når ein står i fergekø på Fodnes at rett rundt hjørnet så ligg startpunktet til ein topptur med slik fantastisk utsikt.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Krevjande (Rød): 1150 høgdemeter, 12,5 kilometer, 6.5 timar.
Turomtale:
Me skal gå den lange og bratte fjellryggen rett opp til Vetanosi (1134 moh.).
Me køyrer til Lærdal og vidare til Fodnes fergekai, der me parkerar bilane. Frå kaia går me opp til den lille bebyggelsen på Fodnes, før me set kursen inn på ein tydeleg og god sti i flott furuskog. Stien startar forhaldsvis bratt, og på ca 700 moh. vert stien endå brattare. Me får glimt av fjordane gjennom den opne furuskogen, og etter kvart vil me sjå meir og meir av fjella rundt.
På ca 850 moh. er me over tregrensa, og no vert stien etterkvart så bratt at me må bruke hendene. Heldigvis får me gode tak i lyng og tustar. Vel oppe på fjellryggen flatar terreget ut, og no får me verkeleg sjå den spektakulære utsikten som me berre har skimta delar av tidlegare på turen. Sjølve toppunktet ligg eit stykke inn på platået. Etter fotografering og mat set me kursen mot nordaust mot stølane på Fagerset. Det er lett å skjøne kvifor dei har fått dette namnet.
Me går vidare nedover slik at me kjem inn igjen på stien me gjekk opp, og me går tilbake til Fodnes og bilane. Under tregrensa går me på tydeleg og god sti. Over tregrensa skimtar me tidvis stien, men den blandar seg med dyretråkk. Her må me til tider gå etter terrenget, men det er stort sett lett å føte seg.
På denne turen kan ein gå med gode, stabile og lette sko. Me reknar 5 timar jamn gange t/r. Pausane kjem i tillegg.
Krav til deltakarar:
God fysisk form. Vant med turar i bratt og krevjande terreng.
Utstyr:
DNTs pakkeliste for dagstur sommer
Sekk med ekstra plass til fellesutstyr
Frammøte:
Holdbergsplass kl. 08.
Samkjøyring:
Privatbilar frå Holbergsplass.
Betaling for samkøyring skal betalast på turdagen til sjåfør, 380 kr per person.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Medlem: 75 kroner (administrasjonsavgift)
Ikkje- medlem: 150 kroner (adminstrasjonsavgift)
+ 380 kroner til sjåfør for samkøyring.
Turleiarar:
Bodil Atterås, bodilatt@gmail.com, 41475381
Laila D. Kvåle