Bli med på ein klassikar! Om vêret spelar på lag er dette ein tur du sjeldan gløymer. Nydeleg terreng og fjellutsikt heile vegen. Vikafjellet - heim er ein tur å sjå fram til!
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Svart - Ekspert. Erfarne fjellfolk. 37 km og 1250 høgdemeter stigning.
Dette er ein lang tur med mykje stigning. Ein bør derfor ha ha god uthaldenheit.
Turomtale:
Turen startar ved telegrafhytta ca 900 m.o.h. og me går inn Sendedalen og over Kringlevatnet. Herifrå er det stigning oppover før me passerer Rjupeskardet. Så går det litt nedover mot Murane og vidare forbi Blåeggi og på nordvestsida av Mykjedalsvatnet. Oppover mot Skreieggi og Svartenut og me føl høgdedraget forbi Tvinnestølen og går på Austsida av Storebrekkane og vidare opp til Lønahorgi. Så nedskriing til Bavallen.
Alt etter forholda brukar me 8- 9 timer. Ta med rikelig med mat og drikke for me tar fleire pausar undervegs.
Krav til deltakarar:
Du må vera i god fysisk form og vera van med å gå lenger turar på ski.
Utstyr:
Rikelig med mat og drikke. Klister eller feller.
Sjå DNTs pakkeliste for dagstur vintertur
Frammøte:
Holdbergsplass kl. 08:30.
Transport:
Minibuss frå Holbergsplass til Vikafjellet kl. 08.30.
Retur med minibuss frå Bavallen til Holdbergsplassen ca. kl. 18:00.
Pris:
Medlem: 300 kr buss inkludert administrasjonsavgift (75 kr).
Ikkje-medlem: 450 kr buss inkludert administrasjonsavgift (150 kr)
Dyr:
Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Kartblad:
1316 IV Myrkdalen
1316 III Voss
Turleiarar:
Arvid Rykke, arvid@rykke.com, tlf. 952 62 029
Njål Forthun, tlf. 950 34 964