Me inviterer til førjolskos på låven med graut og saft. Nissen kjem sjølvsagt på besøk! Det blir også eventyrstund med Astri Sudmann.
Me møtes ved Coop i Skulestadmo kl. 17. 15 og ruslar i samla flokk til låven, som ligg på Nedkvitne. Det er ein kort spasertur.
Oppmøte tur:
Coop Extra i Skulestadmo kl. 17. 15
Oppmøte låven:
Dei som treng skyss heilt til låven kan parkera ved Nedkvitnesvegen 69, men merk at det er avgrensa parkeringsplassar.
Har du behov for skyss er det fint om du sender Frøydis O. Heradstveit ein e-post, så ordnar me det (froydis.ormasen@gmail.com).
Ta med:
Refleks
NB:
Det vil vera representantar frå SuperUT med på arrangementet, men alle som treng følgjesperson må ha med dette.
SuperUT ynskjer å tilretteleggja for uteaktiviteter for folk i alle aldrar med funskjonsvariasjonar og for familiane deira, vener og støttepersonar, så alle er velkomen!