Go Norsk Friluftsliv to main content
22. juni 2025

Til topps til Blånipa/Nesheimsnipa

Mer informasjon
Til topps til Blånipa/Nesheimsnipa
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.30 - 17.00
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson

Turen går rett til fjells, opp lia frå Bergo. Ei stødig steintrapp fører oss opp det bratte partiet opp til Blånipa, eit imponerande arbeid av sherpafolket som vart avslutta hausten 2024. Nedatt tek me stien mot Yksendalstølen, og får oppleva den spektakulære steintappa gjennom Giljane, som også stod ferdig sommaren 2024.

Tid: Turen tek om lag 6 timar, med pausar i tillegg.

Oppmøte: Oppmøte og parkering ved oppveksttunet på Bergo.

Høgdeskilnad: Bergo: 420 moh. Blånipa/Nesheimsnipa: 1035 moh


Stien svingar seg oppover forbi Mjelkeplassen og vidare opp Seterhaugen. Det er bratt oppover den skogkledde lia, så her tek me oss god tid.

Etter om lag ein time flatar terrenget seg meir ut – før det så opnar seg heilt opp og gjev mektig utsikt i alle retningar. Det er no lett å gå, og utsikta er storslått.

Ein får god oversikt over alle vatna, Yksendalstølen og dalføret oppover frå stølen. Etter åser ein det massive fjellplatået me  skal opp på. ha passert «Svevesteinen» møter me stien som kjem opp frå Yksendalstølen. Det flatar ut – og snart ser ein det massive fjellplatået me  skal opp på. 


Himmelstigen, vert den nye steintrappa kalla på folkemunne. No ber det til himmels, det er berre å gle seg!

Vel oppe trappa, er det endå ein god stigning før me ser fram til varden på sjølvaste Blånipa, på 1035 moh.

Nedatt går me same vegen den første halvtimen, for så svinga mot høgre og ned stien mot Yksendalen. Stien fører oss mot Giljane, dalføret som går til stølen. Ned steintrappa i Giljane vert ein verkeleg imponert over arbeidet som sherpafolket har utført, kor fint eit steinarbeid kan gjerast og kor godt den gøymer seg inn i terrenget. 




No nærmar me oss vakre Yksendalstølen. Herifrå kan me anten gå sti og steintrapper ned til Yksendalen, eller me går attende til Bergo. Dersom me går til Bergo, går me til Demmo, rundar terrenget forbi Krokavatnet, og nedover Seterhaugen, der me gjekk opp.

Dersom turen endar i Yksendalen, vert det organisert skyss for å henta bilar på Bergo.

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske.

Utstyr: Lett tursekk pakka med:

    • Regntøy (jakke og bukse)/tynn vindjakke og turbukse 
    • Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
    • Sokkar med mye ull og god passform + ekstra skift
    • Fleecejakke eller tynn varmejakke
    • Hue og vottar
    • Fjellstøvlar
    • Shorts og t-skjorte om det er meldt varmt vêr

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår. 

Ansvarlege turleiarar: 
Liv Anne Bergo, tlf 97653458 
Tomas Borovjac

Icon Oppmøtested