Me set oss på toget i Bergen og tar turen til ein av dei mange flotte toppane langs Bergensbanen. Me vel topptur basert på skiføre/skredforhold, og turmål blir gjort kjent ca ei veke før tur.
Langs Bergensbanen er det mogleg å nå flotte toppturar frå mange av stasjonene. Aktuelle turmål kan derfor vere Mykkeltveitveten (frå Evanger), Horn (frå Bulken), Horndalsnuten (frå Skiple), Mjølfjellet (frå Mjølfjell), Eilivseggi (frå Ljosandbotn eller Vieren), Øykjafonn (frå Upsete) eller Lille og Store Finsenut (frå Finse) med fleire.
Og - skulle det vere trøbbel med toget denne dagen så er det mogleg å komme oss på tur med buss også, f.eks. toppar i Myrkdalen eller Hardanger.
Turbeskriving: kjem me tilbake til når datoen nærmar seg
Gradering: middels til krevjande, sjå Gradering på turer og aktiviteter med DNT
Fysisk vanskelegheit: Turens lengde kan typisk vera inntil 10-15km og 1000 høgdemeter, og me reknar med å vere på tur heile dagen. Lengde på tur vil verte påverka av togrutene og kor langt me reiser av gårde med toget. Generelt vil me forsøke å finne ein tur med kort reiseveg, men reiser så langt me må for å finne brukbare snøforhold. Dersom me vel ein av dei litt kortare turane (som Horn) kan det vere mogleg at me legg inn ein ekstra runde eller to («laps») der me finn den aller beste snøen og skikøyringa.
Teknisk vanskelegheit: Me vel tur i KAST klasse 1 eller 2. Det betyr at det kan vere aktuelt å gå opp og køyre ned enkeltheng opp mot 30-35 grader bratt, men me held oss for det meste under dette. KAST - Klassifisering av snøskredterreng
Kompetansekrav til deltakarane: Du må vera i form til ein dagstur i fjellet, ha tilstrekkjelege skiferdigheter og beherska oppoverbakkar og nedoverbakkar på opp mot 30-35 grader på vekslande føre. Du må også ha kjennskap til bruk av sendar/mottakar, spade og søkestang (kameratredning i snøskred).
Utstyr: Randonee- eller telemarkski, feller, hjelm og skibriller. Ha gjerne med dunjakke og ekstra vottar/hanskar. Alle deltakarar må ta med spade, søkestang og sendar/mottakar. Dette kan om nødvendig lånast av turlaget - gje i så tilfelle beskjed om dette ved påmelding. Sjå ellers: Pakkeliste topptur
Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes hos Tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer.
Reisedetaljer og transport: Me siktar oss inn på lokaltog kl 08.29 frå Bergen stasjon. Retur er ikkje endeleg bestemt og avhenger av valg av tur, men me vil forsøke å seinast nå tog som er tilbake i Bergen 18:17 eller 19:08
Mat: Ta med niste, snacks og drikke til ein dag i fjellet.
Pris inkluderer: Prisen inkluderer turleiing og sikkerheitsutstyr. Transport er ikkje inkludert.
Rabatt til DNT - medlemmer: Støtt opp om vårt tilbud bli DNT-medlem.
Turleiarar på denne turen: Ragnhild Haugse og Mari Ingeborg Nesse
Turleiarar tek kontakt med alle deltakarane seinast 4-7 dagar før turstart
Turleiing: Turen vert leia av turleiarar som har solid turerfaring og har gjennomført DNTs turleiarkursstige. Turleiarane i DNT fjellsport Bergen mottek ikkje lønn for turar dei leier, men gjennomfører sine oppdrag som frivillige. Turavgifta dekkar turleiar sine kostnader ved oppdraget som transport, mat og overnatting, samt viktig kompetanseheving som skredkurs, turleiarkurs og fyrstehjelpskurs. Turane er utført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen og av å ta med andre på sine opplevingar.
Sikkerhet: Me har risikovurdert alle våre turar og aktivitetar og jobbar kontinuerleg med å redusere risikoen for alvorlege skadar og ulykker på våre turar. Likevel vil det alltid være en risiko ved å ferdast i vår natur. Deltakarane må lese all informasjon nøye: turbeskriving, viktig informasjon til turdeltakarar og generelle vilkår.