Nesfjellet byr på ekte fjord til fjell-oppleving med ei fantastisk utsikt over Haukedalsvatnet under heile oppstigninga. Dei austvende skålformasjonane er snøsamlarar ved vær frå vest som det er mykje av i Sunnfjord. Her kan du ofte finne urørt laussnø for ypparleg skikjøring. Både etter snøfall og når det er dårlege snøforhold andre stader.
Tilkomst og parkering
Følg fylkesveg 483 til Birkeland på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved starten av skogsvegen som går opp mot Nesstølen.
Samkøyring frå Festplassen i Førde kl.09.00
Avgang frå Nes i Haukedalen 10.00.
Stigning & skredterreng:
Kring 900 høgdemeter stigning. Turen er kategorisert som middels terrengklasse, dvs at terrenget kan vere bratt nok til å ha losneområde og utløpsområde. I hovudsak vil det vere mogleg å finne ruteval som går utanom desse områda,men vi krev at alle deltakarar har skredutstyr og kunnskap for å bruke det korrekt.
Vi vurderer nedkøyring etter gruppa sine ynskjer, vêr og skredvarsel - nokre nedkøyringsalternativ har parti 30 - 35 grader.
Tidsbruk:
4-6 timar.
Utstyr
Sjå DNT si pakkeliste for topptur. Du er nøydd å ha med eige skredutstyr (sender/mottaker, spade og stang). Turen passar randonee, telemark og splitboard.
Turen er skildra i boka toppturar i Sunnfjord, s.238.