Go Norsk Friluftsliv to main content
24. aug. 2025

Topptur til Ordalsåta

Mer informasjon
Topptur til Ordalsåta
IconSted
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Kviteseid Turlag
Icon Kontaktperson

Bli med Kviteseid turlag og Gautefall turlag til Ordalsåta, (1136 moh.) i Brunkeberg. 

Ein flott tur i vakker natur, og ikkje minst, kjempeutsikt frå det nest høgaste fjellet i Kviteseid kommune. 
Denne toppen er og ein av Ti-topparen Kviteseid.

Start for turen er ved Nystaulvatnet, eit flott lite vatn som ligg øvst i bygda Ordal. 
Fyrste kilometeren av løypa er langs ein traktorveg opp til Grønli. Vidare går turen langs myrar, fjell og stiar. Ein må rekne med ein del blaute parti, spesielt ved mykje nedbør, så det er viktig med godt fottøy. Vær kledd etter vêrforholda, og ta med ekstra tøy, sitteunderlag, drikke og niste i sekken. Det kan blåse og vere kaldt på toppen. Løypa er i overkant av 4 kilometer lang ein veg, med ein høgdeforskjel på 518 meter.

Turleiarar:
Sølvi Lohne (Gautefall turlag), tlf. 971 24516
Oddvar Hægeland (Kviteseid turlag), tlf. 472 70258

Oppmøte:
Parkeringsplassen ved buss-stopp E134 (ved avkøyring som er skilta til Renovest og Haugerød og Nilsen), kl. 10.00, for eventuell samkjøring.
Frå Haugerød og Nilsen køyrer ein kommunal veg gjennom bygda Ordal (ca 7,2 km.) Bomavgift. 

Velkommen på tur!

Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lese og aksepterer vilkåra som er beskrive i våre generelle vilkår.

Icon Oppmøtested