Go Norsk Friluftsliv to main content
27. Jan 2026

Trugetur frå Skiferbrotet i Rogne

Mer informasjon
Trugetur frå Skiferbrotet i Rogne
IconSted
Øystre Slidre
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
DNT Valdres
Icon Kontaktperson

 Bli med på trugetur i området mellom skifergruvene i Rogne og fjellområdet vest for foten av Skarvemellen.

 Alt etter kva for trugesti som er trakka opp, går denne turen enten til foten av Skarvemellen eller til gapahuken ved Langetjednet vest for Skarvemellen. Vi startar turen nær skifergruvene i Rogne og følgjer ein traktorveg bratt opp lia. Etter å ha passert Høgspentlina (Kalvedalslina) går vi enten sørover mot foten av Skarvemellen eller rett austover fram til gapahuken ved Langetjednet. I starten går løypa nær dei opne gruvene. Alle går på eige ansvar og må retta retta seg etter beskjedar frå turleiar som vil gjera turen så trygg som mogeleg.

Frammøte på tidlegare Shell-stasjonen på Fagernes kl. 09.30. Vi køyrer på  F 51 til gamle Rogne s-lag. Der frå følgjer vi skilta veg fram til skiferbrota. Dei som vil møta nord for Fagernes, avtalar tid og stad for frammøte når dei melder seg på.  Vi legg til rette for samkøyring.

Kle deg for ein kald dag ute. Ha med varm drikke og godt med niste og sitjeunderlag. Turen er bratt mange stader, så du må vera i god form og vera vant med å gå med truger. Vi anbefalar at du har med og brukar skistavar, gjerne med vid trinse. Du går på eige ansvar, men turleiarane vil gjera turen så trygg som mogeleg.

Påmelding digitalt eller med sms til Bjørn Vegard Johnsen 48142002 seinast 25. januar kl. 18.00

Kart: Øystre Slidre  Mestekart

Turleder 1

Bjørn Vegard Johnsen

48142002

bjorn.vegard.johnsen@gmail.com

Icon Oppmøtested