Go Norsk Friluftsliv to main content
02. Feb 2026

Trugetur på Holtjønnpiggen på Raphamn

Mer informasjon
Trugetur på Holtjønnpiggen på Raphamn
IconSted
Sel
Icon Tid
Kl. 16.00 - 18.30
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Tur til Holtjønnpiggen med bål på toppen

Turen startar ved det gamle hotellet på Rapham. Herifrå går vi langs vegen i om lag éin kilometer. Vegen er ikkje brøyta om vinteren. Dersom det er køyrde løyper, går vi på sida av desse.

Etter omtrent ein kilometer byrjar ein stigning i løssnø på rundt 220 høgdemeter. Dei første som går opp ruta vil få det tyngst, medan det blir lettare for dei som kjem etter – vi trakkar raskt opp gode trugespor undervegs.

Målet for turen er dei tre vardane over Holtjønn – Holtjønnpiggen. På toppen fyrer vi opp bål. Turleiar har med ved, men ta med niste og/eller varm drikke.

Lengde: Totalt ca. 5 km

Høgdemeter: Ca. 220 hm

Varigheit: Ca. 2 timar og 30 minutt, inkludert pause

Nivå: Middels

Passar spesielt for: Barn, ungdom og vaksne

Dato: Måndag 2. februar 2026

Oppmøte: Rapham Høfjellshotell / Rapham asylmottak. Køyr så langt opp mot Rapham som mogleg.

Påmeldingsfrist: 1. februar

Turleiar: Gro Enger – tlf. 948 50 968 – groenger@outlook.com

Pris: Gratis – alle er velkomne!

Icon Oppmøtested