Go Norsk Friluftsliv to main content
11. juni 2025

Tur med ordføraren til Vinddøldalen

IMG 20240522 183136
IconSted
Icon Tid
Kl. 18.00 - 23.59
Icon Arrangør
ØSIL
Icon Kontaktperson
Inger Mette Gravvold
97505852
ingmgrav@gmail.com
Trimgruppa i ØSIL og ordførar Hugo Pedersen inviterer deg med på tur innover til Langøya i Vinddøldalen. Det blir felles avgang frå bommen ved Pebua kl. 18. Alle er velkomne til å delta!

Dette er ein relativt kort tur som går etter grusveg i flatt terreng, og som derfor passar dei fleste: store og små, unge som gamle! Akkurat no er det dessverre litt redusert framkommelegheit på grunn av vegarbeid innafor bommen, men det skal ikkje vera problem å gå innover. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal vil vera representert på turen, og med dei, ordføraren og eit idrettslag til stades, ligg det an til mange gode samtalar om friluftslivet i kommunen! Det vil bli enkel bevertning og trekning av premiar blant deltakarane!

Hugs å betale bompengar (kortterminal) i Holtamoan! Inga påmelding!

Icon Oppmøtested
Ta av i Holtamoan og køyr innover Vinddøldalen til du kjem til bommen ved Pebua. Her er det god plass til å parkere.